Australia, særskilt området rundt Brisbane på aust-kysten, vil vere utsatt for besøk fra Ørsta i juni/juli. I alt vil vi vere 9 stk. som reiser på tur. Familien Egset stiller med 5 stk., i stigande rekkefølge; Kristoffer, Ida Terese, Susanne, May-Rita og Knut-Arild. Familien Myklebust/Parr stiller med 4 stk., fra topp og ned; Finn Arild, Laila Merete, Linn Marthe og Glenn Ove. Følg med på kva Australia opplever!! 

 

18.06.02: I dag har vi henta flybilettane, no begynner nervane å gjere seg gjeldande. Til alt overmål truar Braathens med flystreik fra 19.06. Dette er dårleg nytt for oss, då vi skal ta fly frå Vigra, med akkurat Braathens. Vi er alt i gang med å vurdere alternativa for reise til Gardemoen, men avventar til i morgon med å avgjere desse.

19.06.02: Puuh! Ingen flystreik!! Ser ut til at det meste ordnar seg til det beste. No slepp vi i alle fall å organisere anna reise til Gardemoen. Stressnivået stig etter kvart, lurer på kva vi har gløymt....

20.06.02: I går og i dag har det vore organisering og handling i høgt tempo. Ting er begynt å kome på plass, men fortsatt er ikkje alt klart. I morgon er det handlefri dag, men laurdag er det full gass!

21.06.02: Denne dagen har vi brukt til å gifte oss hjå Sorenskrivaren i Volda.

22.06.02: Siste innspurt med handling av diverse rekvisita. Har kontroll på det meste, og begynner å bli klar for avreise!!! Vi reiser frå Ørsta kl. 12.10 i morgon. Flyet frå Vigra går kl. 16.15, men det er greit å ha god tid. Reisetid totalt til Brisbane blir ca. 33 timar.

23.06.02: Avreise til Vigra kl. 12.00. Flyet vårt går kl. 16.15, men med den mengda bagasje må vi vere tidleg ute for innsjekking. Reisa blir lang, med mange flybytter. Første byttet er på Gardemoen, før vi reiser til København. Her byttar vi på nytt, og tek til på lengste strekninga. Turen frå København til Bangkok tek 10 timar.  

24.06.02: Denne dagen sit vi i fly! I Bankok mellomlandar vi, før reisa går vidare til Singapore, for nytt flybytte. Ved innsjekking her oppdagar dei at all bagasje er feil innbooka. Typen på Vigra har skrive feil flight-nummer, noko som gjer at bagasjen blir liggande i Singapore ein ekstra dag. Kjempekjekt! Flyet var også 1 1/2 time forseinka frå Bangkok pga. ein teknisk feil, som gjorde at vi fekk rikeleg med trim ved innsjekking(les: springing). Natta blir brukt i fly på vei til Brisbane.

25.06.02: Ankomst Brisbane International Airport kl. 06.30 lokal tid! Styresmaktene i Australia er opptatt av å sikre lokal sysselsetting, noko som gjer at folk ikkje får ta med seg mat til landet. Dette fekk underteikna erfare. Her har dei mat-hundar, i tillegg til narko-hundar. 1 stk. 2 dagar gammal brødblings vart beslaglagt av ei heller ilter lita dame med hund, og trusslar om bot på 200 dollar dersom dette gjentok seg! Foruten at bagasjen var forsvunnen, gjekk resten forholdsvis greitt. Velkomstkomiteen stod klar, og sikra trygg transport inn til sentrum. Ei tidleg avslutning på kvelden sikra dei reisande frå å tørne fullstendig av eit solid jet-lag.

26.06.02: Shopping! Folk uten bagasje må ha klede må vite. Handle-gata, Queens-Street, vart endevendt av desperate sunnmøringar. No dukka rettnok bagasjen opp ut på dagen, heldigvis. Ruth-Gudrun og Gøran sette oss inn i dei mest grunnleggande ting verdt å vite om Brisbane, og kvelden vart avslutta med eit utsøkt pizza-måltid heime hos dei. Også i dag vart det tidleg kveld, då enkelte var usikre på om det var morgen eller kveld, tirsdag eller onsdag.

 

27.06.02: I dag er vi i gang. Dei fleste er kome omtrent i rute, og badinga er i gang. På området der Ruth-Gudrun og Gøran har leiligheit, er der svømmebaseng, boblebad, grillområde m.m. Ungane og dei voksne storkosar seg i fine-veret. Vafflesteiking blir det også. Ettermiddagen brukar vi til tog-tur. Turen går til ein Sizzlers-resturant. Denne brukar eit konsept som ein kvar sunnmøring må falle for. Bestill eit måltid, og få så mykje salat, brus, is, smågodt, dessert osv. som du ønskar, og billeg! I morgon ventar ein ny dag med bading.

28.06.02: Dagen starta med tur i maxi-taxi til Southbank Parklands. Her har Brisbane bygd opp eit område med kunstig sandstrand, turområder, scene, regnskog! m.m. Temperaturen har ikkje vore så verst i dag, 22 varmegrader i lufta, og 19 i vatnet. Mesteparten av dagen har vi tilbrakt her, bortsett frå ein sving innom handlegata på tur heim. Akkurat no sit vi heime hos Ruth-Gudrun og Gøran, etter å ha avslutta eit utsøkt wok-måltid. Folket er utsøkte kokkar! I morgon har vi bestilt bord på ein resturant som ligg på høgaste punktet over byen, der planen er å prøve kenguru-kjøtt.

29.06.02: Hei igjen alle sammen! I dag har vi tatt det ganske rolig. Mesteparten av dagen har vi tilbrakt ved svømmebasenga. På ettermiddagen reiste vi opp til resturanten ved utkikspunktet, der dei fleste av oss prøvde GRILLA KENGURU! Kvelden vart brukt til avslapping med litt champagne attåt.

 

30.06.02: Søndag i Brisbane. I dag er det marknadsdag ved elvebredda. Her finn du det meste av det meste. Salgsboder over alt. Oppfinnsomheita når det gjeld kva som kan selgast er stor! Turen til sentrum vart avslutta med ein spasertur og ein matbit i botaniskhage. Denne ligg forøvrig inntil universitetområdet der Gøran studerer. Vi fekk ei kjapp omvisning her, før vi tok turen heimover. Kvelden vart brukt til grilling på ein av utegrillane hos Ruth-Gudrun og Gøran. Biff må vite!

01.07.02: Dreamworld! For dei som har planar om ein tur til Brisbane, så må denne fornøyelsesparken opplevast. Dei største karane, og minste jentene, tok turen opp i Tower of Terror, der du blir heist 120 meter rett opp, og så sleppt i fritt fall! Fallet er på 4 sek., ikkje så avskrekkande når du les det, men fy f... når du er midt opp i det! I morgon reiser vi på ferie til Noosa ei veke. Det spørs korleis det blir med oppdateringar kvar dag, men rapport blir lagt inn så snart vi er online igjen. Ha det bra så lenge, og følg med!

02.07.02: Avreise Brisbane med Noosa som mål. Vi har bestilt to leiligheiter i eit kompleks på Marcoola Beach rett sør for byen Noosa. Familiane Egset og Myklebust/Parr reiser med tog fra Brunswick stasjon, medan Ruth Gudrun og Gøran køyrer bil. Det meste av bagasje er stabla inn i bilen, slik at vi som tek toget i all hovudsak kun har med oss handbagasje. På veien passerer vi nokre fantastiske "fjell"-formasjonar som vert kalla "Glass House Mountains". Namnet verkar ganske logisk, for dei ser ut som melkeglass som er snudd opp-ned. Endestasjon for vår del er i Nambour. For å kome til Marcoola tek vi taxi omlag ein halv time. Ruth Gudrun og Gøran får ein rundtur i området før dei kjem fram, på grunn av litt frihandsnavigering. Største leiligheita er flott! Alt er på stell, lina og tilrettelagt. Vi har balkongar på begge sider, mot sjøen, og mot bassengområdet.

 

09.07.02: Vi har kome tilbake fra ferien. Resten av tida skal vi tilbringe i Brisbane og nærliggande område. Noosa var veldig bra. For den som vil oppleve Australia er dette eit område som må besøkast. Her er flott natur, og aktivitetar for alle.

10.07.02: Glenn Ove akutt sjuk. Vi har teke han med til Royal Childrens Hospital Brisbane for undersøkingar. Desse viste at han hadde svært høgt væsketrykk i hjerna. CT-scanning viste svulst i bakre skallegrop. Nevrokirurg David Walker vurderer situasjonen som kritisk, og vil operere i kveld for å redusere trykket. Etter dette vil vidare undersøkingar vise kva som må gjerast.

 

Ferien vart ikkje heilt slik vi hadde tenkt. Denne sida skal ikkje fortelje noko sjukehistorie, men vi vart i Brisbane til 11. august, då Glenn Ove var i form nok til å klare reisa heim til Noreg og Oslo. Heim til Ørsta kom han på helgeperm først siste helga i september.