Vi er ein familie på fire, som bur i Ørsta på Sunnmøre. Her er vi busett i barndomsheimen til Finn. Byggherrar var Anne-Marit og Rune Myklebust, foreldra til Finn, og huset var ferdigstilt i 1972. Seinare har det vore påbygd, og står framfor fleire store endringar i tida som kjem.

Formelt overtok vi huset 01.12.03, men vi har budd her sidan oktober 2002. Tida fram til overtagelse har vi brukt til å pusse opp, samt at vi har begynt å tilpasse for rullestolbruk.

Litt om oss sjølv; Finn vart født mai 1969, oppvaksen i Ørsta. Laila vart født juni 1971, og vaks opp på garden Parr i Sunnylven, Stranda kommune. 

Saman har vi, etter endt skulegang, drive garden på Parr fram til vi flytta til Ørsta i april 1997.

Vi har to born,

Linn Marthe, født mai 1994, og

Glenn Ove, født mai 1997.

Etter kvart vil vi legge inn meir informasjon på desse sidene. Du vil med tida finne eigne biografi-sider for kvar av oss.

Beste helsingar

Finn, Laila, Linn Marthe og Glenn Ove